Torsdag var eg og to gode venninner på konsert med BigBang på Rokken i Volda. Såg bandet i sommar, så eg visste at det kom til å bli bra. OG det vart det! Fantastisk konsert! Nydeleg spelt av gruppa, og det vart mange ekstranummer. Eg sto heilt framme rett framom sjølvaste Øystein Greni, likar å tru at eg hadde beste plassen av alle som var der. Teknisk sett stod det ein kar framføre meg, men det vart etterkvart så intimt at eg så og sei låg over han. Eg vart heilt gjennomsvett, og det var deilig! Til vanleg er eg ikkje så begeistra for å vere bort i andre sine svette ryggar, men dette blir fort gløymt, når eg er på konsert. Eg elskar det. Sjølv om eg er edru, så får eg ein slags rus av det!
Rart og tenke på at eg for nokre år sidan, syntes at "Girl In Oslo" var ein irriterande song. Det er ikkje yndlingssongen min no heller, men det er herved offisielt at eg har blitt BigBangfrelst!
Det som ikkje var like kjekt var å stå opp kl. 06.30 dagen etterpå...