tirsdag 3. mars 2009

Då var eg plutseleg 22 år...

Søndag vart ej 22år. Rart. Kjennes ikkje ut som eg er meir enn 10 somme dagar. Litt feiring måtte til, så laurdag kom tre gode venninner på besøk og vi kosa oss med god mat, vin, alias og saftig sladder. Akkurat slik det skal vere når jenter møtast!

Sjølve dagen var det eit lite familieselskap som stod for tur, og eg heiv ihop ei lita 15cm kake for å ha noke å by på. Ikkje det at det vart noke problem med godsaker akkurat! Mamma hadde baka gulrotkake, og Ingvil hadde steikt svele for harde livet.

Hadde så lyst å prøve meg på puzzleteknikken, så derfor vart det ei Minni på. Hadde litt rosa mmf til overs frå tiarakaka, så berre farga eg den litt meir, og vips så fekk eg brukt litt restar også! Som vanlig vart eg ikkje heilt fornøgd.(Kvifor kan eg ikkje alltid vere perfekt?!) Litt dårleg tid, sure miner og utrente fingrar førte til at den ikkje vart heilt som planlagt!

2 kommentarer:

  1. Korleis kan du påstå at den kaka ikkje vart perfekt?
    Kvifor skal ein vere perfekt eigentleg?
    Eg tykkjer at kaka var super duper for ein 22-åring;)

    SvarSlett
  2. Heisann Marita! Kjekt å finne en nye blogg! :)
    Å gratulere med overstått! :)PS: ej synst kaka va kjempefin!

    SvarSlett