lørdag 19. juni 2010

Andrine Sofie

Sukkerbrød fylt med jordbærsylte og vaniljekrem/fløtekrem med hakka jordbær. Vanilla icing under loket. Til pynten og trekket er det brukt sukkerpasta.

lørdag 22. mai 2010

From me to you

Tru det eller ei, men eg kan anna enn berre å lage kaker! Denne bamsen broderte eg til ei god venninne i haust ein gong. Eit relativt raskt og enkelt arbeid. Det mest tidkrevande var pelsen!

Tatty Teddy, som bamsen heiter, har faktisk ei historie også. Den kan du høyre her.

Tatty Teddy var eingong ein vanleg brun teddybjørn, men så vart han kasta på søppeldynga. Der låg han midt i mellom to madrasser. Det var hardt for han å ligge der einsam og aleine. Det var kaldt og snart begynte det å snøve. Han fraus slik at nasa vart blå og pelsen vart grå.

Ei evigheit seinare kom omsider våren med sol og varme. Ei lita jente leika nær dynga, og fekk tilfeldigvis auge på bjørnen. Aldri hadde ho sett ein slik bamse. Ho kosta støv og skit av han og lyfta han opp mot himmelen. "Ein grå bjørn, med blå nase", utbraut ho. "Kor merkeleg!" Det var tett før den vesle bjørnen tok til tårene, han trudde ho ikkje likte han, og at ho kom til å kaste han rett tilbake i haugen. Men det gjorde ikkje ho. "Han er herleg!", fortsatte ho.

Så tok ho han med seg til bestemora si, og fekk vaska og lappa han saman. Det var varmt og koselig i huset til den vesle jenta, og snart vart også Tatty Teddy varm i hjartet sitt. Likevel var nasa framleis blå og pelsen grå, og det ville dei fortsette å vere. Han var unik blant teddybjørnanene. Den vesle jenta elska han meir enn alt i verden, henner vesle grå, blånasa teddy. I hennar auge var han perfekt. Ho gav han ein varm klem og kyssa han varsamt på den blå nasa, og kviskra, "from me to you - frå meg til deg".

Ikkje berre eit broderi eg laga utan ein tanke, men eit symbol på kor glad eg er i venninna mi, og kor mykje eg verdsett vennskapet vårt.

søndag 9. mai 2010

Skjorte til Andreas

Eg syns det passa med ei skjorte til ein konfirmant, så derfor laga eg det denne gongen.
Initialane, som skal forestille ein merkelapp, fekk punktum etter seg litt etter biletet vart tatt.

onsdag 5. mai 2010

Traktorkake til konfirmant




Søskebarnet mitt, Sondre, vart konfirmert i helga, så då laga eg denne kaka til han. Traktorar og gardsdrift er det han er mest oppteken av, derfor vart det dette temaet på kaka. Det er ei sjokoladekake fylt med skogsbærfromasj i to lag (med eit dryss skogsbær i), vanilla icing (smørkrem) som dik og rundt kaka. Og tilslutt trekt med sukkerpasta.



Dette er då ein traktor, for dei som ikkje greier å forestille seg det.



Ein avslappa sau.


Ein svolten liten fugl, som jaktar på ei ENORM åme.


På baksida av kaka, klatrar litt eføy.

fredag 15. januar 2010

Folkeaksjonen for Volda Sjukehus!


"Sjukehuset i Volda er i dag lokalsjukehus for 50.000 menneske - i tillegg vert det utført urulogisk kirurgi for heile Nordfjord. Nedbygginga av lokalsjukehusa er sterkt imot folkeviljen og skjer utan god nok demokratisk kontroll. Eiksundsambandet er på plass og Kvivsvegen er ferdig om 2 år, noko som igjen vil auke dekningsområdet. Dette skulle heller tilseie ei styrking av sjukehuset i Volda.

1. Vi vil ha fram alle moment og konsekvensar eit negativt vedtak vil få.
2. Folkevilja i distriktet i denne saka må synleggjerast betre.
3. At styret i Helse Sunnmøre tar til fornuft og lar Sjukehuset i Volda oppretthalde dagens akutt-medisinske tilbod for befolkninga.

Gi di støtte til sjukehuset i Volda – skriv ditt namn her og støtt folkeaksjonen!"


http://www.folkeaksjonenforvoldasjukehus.com/