mandag 6. april 2009

Deeeilig svett

(Biletet er lånt ifrå Rokken sine heimesider.)

Torsdag var eg og to gode venninner på konsert med BigBang på Rokken i Volda. Såg bandet i sommar, så eg visste at det kom til å bli bra. OG det vart det! Fantastisk konsert! Nydeleg spelt av gruppa, og det vart mange ekstranummer. Eg sto heilt framme rett framom sjølvaste Øystein Greni, likar å tru at eg hadde beste plassen av alle som var der. Teknisk sett stod det ein kar framføre meg, men det vart etterkvart så intimt at eg så og sei låg over han. Eg vart heilt gjennomsvett, og det var deilig! Til vanleg er eg ikkje så begeistra for å vere bort i andre sine svette ryggar, men dette blir fort gløymt, når eg er på konsert. Eg elskar det. Sjølv om eg er edru, så får eg ein slags rus av det!

Rart og tenke på at eg for nokre år sidan, syntes at "Girl In Oslo" var ein irriterande song. Det er ikkje yndlingssongen min no heller, men det er herved offisielt at eg har blitt BigBangfrelst!




Det som ikkje var like kjekt var å stå opp kl. 06.30 dagen etterpå...

3 kommentarer:

  1. Det var ein fantastisk, bra konsert.
    Takk for laget, eg er herved storfan sjølv !!

    Flott heimeside Marita, dyktig :)

    * Charlotte *

    SvarSlett
  2. Kjekt med konsert :D Eg og hadde lyst men.. Får bli seinare når Abel er litt eldre;)

    Ja det er artig at han er fødd på bursdagen din!;) Er vel ein fin dag å ha bursdag på det tenker eg;)

    SvarSlett
  3. Å, hørte rykte om at konserten va kjempebra! Sida ej he vore på Big Bang to ganga før tok ej mej rett og slett ikkje råda dinne gongen! Kjekt at du helde mej litt oppdatert ;)

    SvarSlett