lørdag 15. august 2009

Buenas noches

Tru det eller ei, men eg har faktisk vore flink og baka litt fornuftig, og ikkje berre søte kaloribomber i helga! Så no er frysaren fylt til randa med bakverk, herleg!! Igår baka eg focaccia og rundstykker, og idag har eg, i godt samarbeid med min kjære, laga empanadas på vår måte. Eit argentinsk bakverk , viss ikkje eg tek heilt feil? Eg har i alle fall, for ein gongs skuld, tenkt å dele oppskrifta med dokke.

Deig:
1 kg. kveitemjøl
200 g. smelta margarin
1 barneskei bakepulver
Ein "dæsj" salt (brukte litt over ei teskjei idag)
3-4 dl. vatn

Bland saman til ei smidig deig, og lat den kvile i ca. 30 min. Den tida kan du jo bruke til å lage fyllet!

Fyll:
600 g. kjøtdeig
1 kg. løk
50 g rosiner
Oregano
Litt vatn

Dette er den oppskrifta eg har, men eg har bytta heilt ut fyllet. Foretrekk salt, framfor søtt. Det fine er at du kan bruke fantasien og ha i det du likar best! Vi brukte idag kjøttdeig, mais, champignong, gulrot, løk, svart oliven, paprika og tacokrydder. Vel, for å vere ærlig, så var det ikkje eg som laga fyllet, så det kan godt hende han fann meir i kjøleskapet, som han heiv i.

Start med å kjevle ut deiga, og legg ein tallerken over og skjer rundt. Du kan sjølvsagt lage dei firkanta eller andre fasongar om du vil det også.

Legg på ei par spiseskeier med fyll på eine halvdelen (eg er veldig glad i ost, så eg har eit par skiver kvitost under). Pensl så kantane med piska egg, slik at delane festar seg, når du skal brette dei.



Brett den så på midten, slik ein gjer når ein steikar omelett. Trykk kantane med ein gaffel, slik dei sitt godt saman. Pensl med egg, og skjer eit par hol på toppen. Det gjer eg for å sleppe ut dampen som blir inni under steiking. Første gong eg laga empanadas, gjorde eg ikkje det, og da rann det unødvendig mykje væske ut av den når eg skulle nyte den.

Dette kan gjerast ein dag i forvegen, dersom du ikkje har tida den dagen det skal serverast. Berre sett dei i kjøleskapet, tildekt med plast.



Så er det berre å fylle opp steikebrettet, sette dei i midt i ovnen på 225°C i 15 min. til dei blir gylne.



Vi et dei med ein frisk salat og rømme. Nyt!

2 kommentarer:

  1. NAMM, ditta såg nydelig godt ut :) lage mej slik neste lørdag tenke ej, prøve noke nytt :D

    SvarSlett
  2. hehe..d betyr god natt det retten heite:P

    SvarSlett