tirsdag 21. juli 2009

Naughty cake!

Idag vart Andreas ("nevøen" min) 14 år, og han måtte sjølvsagt få ei kake! Eg har lenge hatt lyst å prøve meg på ei puppekake, og no fekk eg endeleg sjansen. Med løyve frå mora til jubilanten, gjekk eg igong med å lage ei lettare tildekt puppekake. Han er jo tross alt fortsatt under den seksuelle lavalder;)

fredag 12. juni 2009

Society

Elskar denne songen. Skrive av Jerry Hannan, og framført av Eddie Vedder og Hannan.

lørdag 23. mai 2009

Endeleg ei BLÅ kake!

Vel, så vart det ikkje laga 17. mai kake i år med meg. Hadde arbeidshelg, og ting gjekk i eitt heile veka, så fekk rett og slett ikkje tid.

Idag har eg laga ei dåpskake til ein liten godklump som heiter Birk. Det er sonen til ein kollega av meg. Inni det lyseblå mmf-trekket finn ein sukkerbrød, skogsbær, vaniljekrem og vanilla icing (ein type smørkrem).


Bamsen har eg modellert av fondant, må sei eg vart skikkeleg fornøgd med den!

søndag 10. mai 2009

Er det rart eg blir feit?

kDet har blitt en del kaker i det siste..


Min kjære Geir Ove hadde bursdag:)



Fekk et oppdrag om å lage ei konfirmasjonskake med sukkerbrød i, så då måtte eg lage ei prøvekake. Hadde besøk av ei venninne då eg laga den, så ho fekk vere med å lære å lage mmf.



Sjokolademoussekake til konfirmasjon. Browniesbotn, melkesjokolademousse og kvit sjokolademousse.



Rosene på moussekaka.



Tiarakake til konfirmant. Vart ganske fornøgd med utsjånaden på denne.



Nok ei tiarakake til konfirmantar. Ikkje heilt fornøgd med denne, men håper dei som skulle ha den vart det.



Skal bli leeenge til eg lagar ei heilt rosa kake no! Neste helg er det 17.mai alt, så då blir det nok ei kake i raudt, kvitt og blått:)

mandag 6. april 2009

Deeeilig svett

(Biletet er lånt ifrå Rokken sine heimesider.)

Torsdag var eg og to gode venninner på konsert med BigBang på Rokken i Volda. Såg bandet i sommar, så eg visste at det kom til å bli bra. OG det vart det! Fantastisk konsert! Nydeleg spelt av gruppa, og det vart mange ekstranummer. Eg sto heilt framme rett framom sjølvaste Øystein Greni, likar å tru at eg hadde beste plassen av alle som var der. Teknisk sett stod det ein kar framføre meg, men det vart etterkvart så intimt at eg så og sei låg over han. Eg vart heilt gjennomsvett, og det var deilig! Til vanleg er eg ikkje så begeistra for å vere bort i andre sine svette ryggar, men dette blir fort gløymt, når eg er på konsert. Eg elskar det. Sjølv om eg er edru, så får eg ein slags rus av det!

Rart og tenke på at eg for nokre år sidan, syntes at "Girl In Oslo" var ein irriterande song. Det er ikkje yndlingssongen min no heller, men det er herved offisielt at eg har blitt BigBangfrelst!




Det som ikkje var like kjekt var å stå opp kl. 06.30 dagen etterpå...

onsdag 1. april 2009

Sommarfuglar

Hadde fri idag, så da bestemte eg meg for å invitere min kjære bror & co til kake!













Tok en Espelid og "juksa litt", Toro langpanne sjokoladekake med piska Piano sjokoladekrem og bringebær i, pynta med marsipan og trekt med heimelaga MMF.


Ellers så er eg lite flink å oppdatere her, så dette får heller bli ein rein kakeblogg, med eventuelle andre impulsar som måtte falle meg inn! Men no er det natt, klokka er snart halv 12, og eg skal opp før kl. 6...Lovar ikkje godt! :/

tirsdag 3. mars 2009

Då var eg plutseleg 22 år...

Søndag vart ej 22år. Rart. Kjennes ikkje ut som eg er meir enn 10 somme dagar. Litt feiring måtte til, så laurdag kom tre gode venninner på besøk og vi kosa oss med god mat, vin, alias og saftig sladder. Akkurat slik det skal vere når jenter møtast!

Sjølve dagen var det eit lite familieselskap som stod for tur, og eg heiv ihop ei lita 15cm kake for å ha noke å by på. Ikkje det at det vart noke problem med godsaker akkurat! Mamma hadde baka gulrotkake, og Ingvil hadde steikt svele for harde livet.

Hadde så lyst å prøve meg på puzzleteknikken, så derfor vart det ei Minni på. Hadde litt rosa mmf til overs frå tiarakaka, så berre farga eg den litt meir, og vips så fekk eg brukt litt restar også! Som vanlig vart eg ikkje heilt fornøgd.(Kvifor kan eg ikkje alltid vere perfekt?!) Litt dårleg tid, sure miner og utrente fingrar førte til at den ikkje vart heilt som planlagt!