Initialane, som skal forestille ein merkelapp, fekk punktum etter seg litt etter biletet vart tatt.
søndag 9. mai 2010
Skjorte til Andreas
Initialane, som skal forestille ein merkelapp, fekk punktum etter seg litt etter biletet vart tatt.
onsdag 5. mai 2010
Traktorkake til konfirmant
Søskebarnet mitt, Sondre, vart konfirmert i helga, så då laga eg denne kaka til han. Traktorar og gardsdrift er det han er mest oppteken av, derfor vart det dette temaet på kaka. Det er ei sjokoladekake fylt med skogsbærfromasj i to lag (med eit dryss skogsbær i), vanilla icing (smørkrem) som dik og rundt kaka. Og tilslutt trekt med sukkerpasta.
Dette er då ein traktor, for dei som ikkje greier å forestille seg det.
Ein avslappa sau.
Ein svolten liten fugl, som jaktar på ei ENORM åme.
På baksida av kaka, klatrar litt eføy.
fredag 15. januar 2010
Folkeaksjonen for Volda Sjukehus!
"Sjukehuset i Volda er i dag lokalsjukehus for 50.000 menneske - i tillegg vert det utført urulogisk kirurgi for heile Nordfjord. Nedbygginga av lokalsjukehusa er sterkt imot folkeviljen og skjer utan god nok demokratisk kontroll. Eiksundsambandet er på plass og Kvivsvegen er ferdig om 2 år, noko som igjen vil auke dekningsområdet. Dette skulle heller tilseie ei styrking av sjukehuset i Volda.
1. Vi vil ha fram alle moment og konsekvensar eit negativt vedtak vil få.
2. Folkevilja i distriktet i denne saka må synleggjerast betre.
3. At styret i Helse Sunnmøre tar til fornuft og lar Sjukehuset i Volda oppretthalde dagens akutt-medisinske tilbod for befolkninga.
Gi di støtte til sjukehuset i Volda – skriv ditt namn her og støtt folkeaksjonen!"
lørdag 28. november 2009
mandag 28. september 2009
Stablekake
lørdag 15. august 2009
Buenas noches
Deig:
1 kg. kveitemjøl
200 g. smelta margarin
1 barneskei bakepulver
Ein "dæsj" salt (brukte litt over ei teskjei idag)
3-4 dl. vatn
Bland saman til ei smidig deig, og lat den kvile i ca. 30 min. Den tida kan du jo bruke til å lage fyllet!
Fyll:
600 g. kjøtdeig
1 kg. løk
50 g rosiner
Oregano
Litt vatn
Dette er den oppskrifta eg har, men eg har bytta heilt ut fyllet. Foretrekk salt, framfor søtt. Det fine er at du kan bruke fantasien og ha i det du likar best! Vi brukte idag kjøttdeig, mais, champignong, gulrot, løk, svart oliven, paprika og tacokrydder. Vel, for å vere ærlig, så var det ikkje eg som laga fyllet, så det kan godt hende han fann meir i kjøleskapet, som han heiv i.
Start med å kjevle ut deiga, og legg ein tallerken over og skjer rundt. Du kan sjølvsagt lage dei firkanta eller andre fasongar om du vil det også.
Legg på ei par spiseskeier med fyll på eine halvdelen (eg er veldig glad i ost, så eg har eit par skiver kvitost under). Pensl så kantane med piska egg, slik at delane festar seg, når du skal brette dei.
Brett den så på midten, slik ein gjer når ein steikar omelett. Trykk kantane med ein gaffel, slik dei sitt godt saman. Pensl med egg, og skjer eit par hol på toppen. Det gjer eg for å sleppe ut dampen som blir inni under steiking. Første gong eg laga empanadas, gjorde eg ikkje det, og da rann det unødvendig mykje væske ut av den når eg skulle nyte den.
Dette kan gjerast ein dag i forvegen, dersom du ikkje har tida den dagen det skal serverast. Berre sett dei i kjøleskapet, tildekt med plast.
Så er det berre å fylle opp steikebrettet, sette dei i midt i ovnen på 225°C i 15 min. til dei blir gylne.
Vi et dei med ein frisk salat og rømme. Nyt!