mandag 6. april 2009

Deeeilig svett

(Biletet er lånt ifrå Rokken sine heimesider.)

Torsdag var eg og to gode venninner på konsert med BigBang på Rokken i Volda. Såg bandet i sommar, så eg visste at det kom til å bli bra. OG det vart det! Fantastisk konsert! Nydeleg spelt av gruppa, og det vart mange ekstranummer. Eg sto heilt framme rett framom sjølvaste Øystein Greni, likar å tru at eg hadde beste plassen av alle som var der. Teknisk sett stod det ein kar framføre meg, men det vart etterkvart så intimt at eg så og sei låg over han. Eg vart heilt gjennomsvett, og det var deilig! Til vanleg er eg ikkje så begeistra for å vere bort i andre sine svette ryggar, men dette blir fort gløymt, når eg er på konsert. Eg elskar det. Sjølv om eg er edru, så får eg ein slags rus av det!

Rart og tenke på at eg for nokre år sidan, syntes at "Girl In Oslo" var ein irriterande song. Det er ikkje yndlingssongen min no heller, men det er herved offisielt at eg har blitt BigBangfrelst!




Det som ikkje var like kjekt var å stå opp kl. 06.30 dagen etterpå...

onsdag 1. april 2009

Sommarfuglar

Hadde fri idag, så da bestemte eg meg for å invitere min kjære bror & co til kake!













Tok en Espelid og "juksa litt", Toro langpanne sjokoladekake med piska Piano sjokoladekrem og bringebær i, pynta med marsipan og trekt med heimelaga MMF.


Ellers så er eg lite flink å oppdatere her, så dette får heller bli ein rein kakeblogg, med eventuelle andre impulsar som måtte falle meg inn! Men no er det natt, klokka er snart halv 12, og eg skal opp før kl. 6...Lovar ikkje godt! :/

tirsdag 3. mars 2009

Då var eg plutseleg 22 år...

Søndag vart ej 22år. Rart. Kjennes ikkje ut som eg er meir enn 10 somme dagar. Litt feiring måtte til, så laurdag kom tre gode venninner på besøk og vi kosa oss med god mat, vin, alias og saftig sladder. Akkurat slik det skal vere når jenter møtast!

Sjølve dagen var det eit lite familieselskap som stod for tur, og eg heiv ihop ei lita 15cm kake for å ha noke å by på. Ikkje det at det vart noke problem med godsaker akkurat! Mamma hadde baka gulrotkake, og Ingvil hadde steikt svele for harde livet.

Hadde så lyst å prøve meg på puzzleteknikken, så derfor vart det ei Minni på. Hadde litt rosa mmf til overs frå tiarakaka, så berre farga eg den litt meir, og vips så fekk eg brukt litt restar også! Som vanlig vart eg ikkje heilt fornøgd.(Kvifor kan eg ikkje alltid vere perfekt?!) Litt dårleg tid, sure miner og utrente fingrar førte til at den ikkje vart heilt som planlagt!

lørdag 14. februar 2009

Rosa tiarakake til prinsesse Hege

Då har eg akkurat levert bursdagskake til Hege som vart 22 år idag. Rosa kake med perler og tiara, alle femåringars draum, men Hege ho vart strålandes fornøgd ho:)

















onsdag 4. februar 2009

Kakemonsteret

For ei lita stund sida, so begynte ej å lage kake og pynte dei litt meir enn det ej he gjort tidligare. So no baka ej til kvar ei anledning. Artig! Håpe ingen av mine prøvekanina skal begynde på nåken ekstrem slankekur med det første, nåken må jo skrape i sej det ej laga!
I helga so hadde Ann Christin, Hege og ej ein jentekveld, og da måtte vi jo sjølsagt ha kake! Det vart ei sjokoladekake med "bringebærmousse" i et lag og skogsbær og vaniljekrem i det andre, under mmf-loket hadde ej amerikansk smørkrem! Vart ikkje heilt fornøgde, men det var greit til sitt bruk. Godt var det ihvertfall!

Mmf e for dei som ikkje veit det, en forkortelse for marshmallow fondant og e ei marsipanlignande masse laga av marshmallows. Anbefalast!


















Litt andre kake ej he laga:

  • Spidermankake til Steffen.


  • Banankake til Ann Christin.


  • Sjokolademoussekake til Mathias sin dåp.



  • Oreokake til Geir Ove.

Skulle ej velge ei kake til min bursdag, so ha ej nok valgt ei marengskake med frukt og bær, moussekake eller ei daimiskake. Nydeliig! Ka e di yndlingskake? :)